Fjone skule til Berlevåg

Fjone Skule jublar over å være i Berlevåg

Fjone Skule jublar over å være i Berlevåg. (alle foto: John Skognes)

I midten av juni var Fjone skule på skuletur til Finnmark og Berlevåg.

– En reisedagbok av elevene ved Fjone Skule

Eit reisefølgje på 26 fekk nokre ugløymande dagar. Grendefolket hadde gjennom vinteren støtta godt opp om mange innsamlingstiltak som foreldre og skule i samarbeid skipa til. Tysdag/onsdag den 11/12. juni sette vi endeleg kursen mot Oslo..

 

Onsdag 12. juni

Vi som ikkje sov på hotell måtte reise klokka 01.00 på natta. Pappa køyrde bussen. Etter ca. 5 timar kom vi til Gardermoen ved Oslo. Vi parkerte bussen, og tok flybuss til flyterminalen, der fekk vi billettane våre. Så måtte vi igjennom sikkerhetskontrollen. Litt småstressa kunne vi gå inn på

På Polar Seafood såg me mellom anna ein stor torsk

På Polar Seafood såg me mellom anna ein stor torsk

flyet… Klokka 09.20 tok vi Norwegian til Kirkenes. Etter landingai Kirkenes klokka 11.30 dro vi med buss 12 km til sentrum. Fra Kirkenes tok vi hurtigruta nesten ti timar før vi var i Berlevåg. Med kafeteria, kioskar, symjebasseng og boblebad gjekk tida fort. Frå kaia i Berlevåg køyrde vi i privatbilar til skulen. Der sov dei fleste. (Birk Svendsen, 4.kl. og Halvor Fjalestad, 7. kl.)

 

Torsdag 13. juni.

I starten av dagen gjekk me til museet for å sjå på ein film om Dagny Loe.

Deretter var me med Terje Daldorff til stillingane ved flyplassen, og lærte mykje om krigen. Her fekk me til oppgåve å leite etter ”telt-rundingar” etter ganske store telt der russiske krigsfangar hadde sove. Og så gjekk me tilbake til museet. Då fekk me sjå oss rundt. Litt etterpå det såg me på båten, ”pramma”, som frakta menneske til og frå hurtigruta før, då det var altfor grunt til at hurtigruta kunne legge til kai. Seinare fekk vi omvising på redningskøyta. Det var veldig morosamt og lærerikt.

Under midnattsola berre måtte nokre prøve temperaturen i                                               Barentshavet.

Under midnattsola berre måtte nokre prøve temperaturen i Barentshavet.

Då me var ferdige med det gjekk me heim til skulen. Der begynte borna å leike taxi med ei melketralle. Det skulle vi ikkje ha gjort…Ein køyrde, ein annan var døropnar, vi andre var passasjerar. Men da vi skulle svinge, blei det for stor vekt på den eine sida, og tralla velta. Ein hoppa ut, Ein annan slo hovudet i golvet og sprang fram. Eg forstua begge armane. Den natta sov eg med gips på begge. Huff, det gjorde vondt, så vondt, huff. (Helene Dahle, 5. kl.)

 

Fredag 14. juni

Eg vakna klokka åtte om morgonen. Eg fekk ein god start på dagen. Kvelden før hadde vi eit veddemål med læraren. Dei som sov like lenge som ho fekk seinare velje den største isen dei ville, og alle klara det! Etter frukost drog vi til det andre skulebygget og helsa på 7. klasse. Vi heldt eit foredrag der vi fortalde om den russiske krigsfangeleiren på skulen vår. Men dessverre, mens eg las, begynte eg å blø naseblod. 7. klasse frå Berlevåg presenterte kommunen sin for oss, og vi gjorde det same med vår. Då vi hadde vore hos 7. klasse gjekk vi til idrettshallen. I idrettshallen leika eg i eit stort hjul. Mamma, pappa og ein annan av foreldra snurra meg rundt og rundt til eg blei heilt svimmel. Born, foreldre og lærarar spela fotball saman, kjempemoro. Etter at vi hadde vore i idrettshallen gjekk vi til ordføraren på kommunehuset. Han fortalde både om historia og framtida for Berlevåg. Vidare vandra vi direkte ned til Polar Seafood for omvising med Janne Andreassen på fiskebruket. Vi var nesten kledde som romvesen der vi gjekk rundt og studerte dei ulike maskinane. Her fekk vi sjå ein vanvittig stor torsk. (Steinar Kleivane 5. kl.)

 

I djup konsentrasjon i Arctic Glasstudio

I djup konsentrasjon i Arctic Glasstudio

Laurdag 15. juni

Først reiste vi på Artic glasstudio. Det var skikkeleg morosamt, vi gjorde nokre feil, men med god hjelp og masse fantasi ble alle godt nøgde til slutt. Vi lagde kvart vårt kjempefine glasfat, alle var fargerike med forskjellige motiv.

Etter det reiste nokre av oss til fotballbanen for å sjå jentene i 7. og 8. klasse spele kamp. Eg var veldig svolten og kald, men det var en spennande kamp så det gjekk bra. Jentene frå Berlevåg var veldig flinke. Rett etter sykla vi til motorcrossbanen. Dessverre fekk vi ikkje køyre, men det var råkult å sjå at dei hoppa og køyrde så fort dei berre kunne. Før dei byrja å køyre fekk vi ei omvisnng på banen ved Arnt Egil Ananiassen. Dei hadde mange hopp med rare namn. To av dei var ”Sukkertoppen” og ”Hamburger Hill”.

Etter at vi hadde vore på skulen og spist pizza tok vi oss ein tur på moloen. Det var kjempegøy. Vi sprang rundt og leika på tetrapodane. Tre av oss klarte sjølve å lage ei slags maling av mjuk stein. Vi hakka det, blanda det med vatn og rørte om. Ein av lærarane byrja plutseleg å rope ”SEL, SEL SEL”. Alle saman sprang mot ho, vi såg eit lite hovud stikke opp av vatnet. Det forsvann like fort som det hadde dukka opp. Læraren spurde om vi trudde den ville kome tilbake. Da svarte ein av foreldra ”SEL-vfølgeleg”. Med eitt stakk den hovudet opp att. Da ropa ei av jentene: ”Kjem du Selma?” Etter ein lang og morosam dag fekk vi oss ei god natt med søvn. (Floor Bruikman, 6. kl.)

 

Naturen var vill og storslagen, her ved Sandfjorden.

Naturen var vill og storslagen, her ved Sandfjorden.

Sundag 16. juni.

I dag var den siste heile dagen i Berlevåg. Vi skulle til det lille fiskeværet Kongsfjord. Ei annan av jentene og eg køyrde ca. to timer før dei andre. Vi sat på med Terje Daldorff som opplevde krigen. Han er 84 år, veldig kjent i Berlevåg og med historia der. To lærarar var også med. Vi kjørte til den flotte Sandfjorden. Vi såg også huset til Dagny Loe. Ho vart sendt til ein tysk konsentrasjonsleir under krigen etter at mannen hennar og to andre partisanar var slått i hel av tyske soldatar. Så kom vi til Konjakkbakken, som blei kalt det fordi ein vegingeniør inngjekk eit veddemål om kvar snøen først kom til å skape store problem. På Kongsfjord Gjestehus spiste nokre av oss fantastisk torsk, andre hadde lasagne. Rett nede ved restauranten var det ei lang strand med mange fine steinar og konkyliar. Eg fann og ein liten ryggvirvel frå ein kval eller sel.

Terje Daldorff, ein sprek 84-åring, var vårt tidsvitne frå krigen.

Terje Daldorff, ein sprek 84-åring, var vårt tidsvitne frå krigen.

Etter maten gjekk vi til ein spennande landhandel og kjøpte vaflar. Seinare på kvelden såg vi på middnattsola og plukka masse stein havet hadde slipa. Etter det var det berre å pakke ferdig til heimreisa. Mange tok seg ein liten dusj først…….. God natta………

Ps. Dette er sikkert den beste skuleturen nokon gong . Eit minne for livet. Dette vil eg hugse for alltid. 😛   😛   😛 (Ine Svendsen, 6. klasse)

 

 

Vi på Fjone Skule vil nytte høvet til å takke alle dei som stilte opp for oss i Berlevåg. Ein særleg takk til Terje Daldorff, tilsette ved museet, tilsette ved redningsskøyta, 7. klasse, Hanne M. Johnsen, Ingvild Sehl og andre tilsette ved skulen, Karsten Schanche, Janne Andreassen, Arnt-Egil Ananiassen, Dieter og Daniela Salathe. Vi har heller ikkje gløymt alle dykk som hjalp oss med transport desse dagane, både de som hjalp til med køyring og syklar! Vi hadde lagt opp til eit allsidig program, utan dykkar hjelp hadde vi ikkje fått dette fantastiske opphaldet. Ein av foreldra uttrykte seg spontant på denne måten: ”Eg visste folk nordafor var gjestfrie, men at dei skulle vere SÅ Gjestfrie hadde eg aldri trudd”. TUSEN HJARTELEG TAKK FOR OSS!

 


Oppdag mer fra Berlevaagnytt.Com

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

1 comment for “Fjone skule til Berlevåg

  1. Utrolig kor flink de ungan va t å skrive og fortelle korsen de har hatt det i Berlevåg!!

Comments are closed.